Gul avdeling

Barnehageåret 23-24 går det 11 barn i alderen 1-3 år.

Gul avdeling held til i huset midt på uteplassen og er ein av småbarnsavdelingane i Stedje barnehage. Me har fokus på kvardagen vår og å få innarbeide gode rutinar. Me er glad i samling og brukar mykje sang. Det er mykje aktivitet og utforsking på Gul avdeling, ei aldersgruppe som skal finne ut av mykje på kort tid. Me er ein gjeng som er kjempeglad  i å vere ute, både på tur men òg ute i barnehagen. Dei små avdelingane har eit lite avgrensa område som vi brukar ein del, men alltid spanande å få komme ut på storeleikeplassen. Ellers er det alltid stas når vi kjem oss opp til Maurtua. Dei små augneblikka er viktige, og vi har mykje glede og latter i kvardagen.