Nye vedtekter

Vedtekter gjeldande frå 15.11.24

Vedtekter for Stedje barnehage

 

§1. EIGAR

 

Stiftinga Stedjetunet skipa av kyrkjelydane i Sogndal, Kaupanger og Norum eig og driv Stedje barnehage. Styret for Stiftinga ivaretek  eigaren sitt ansvar og oppgåver. Styret for stiftinga vedtek  m.a. stillingsinstruksar og vedtekter for barnehagen. Barnehagen skal drivast i samsvar med ”Lov om barnehagar, føresegner og vedtekter.”

 

 

§2. FØREMÅL

Barnehagen sitt føremål:
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Barna skal få utfalda skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal læra å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikla grunnleggjande kunnskapar og dugleikar. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.

Barnehagen skal møta barna med tillit og respekt, og ta på alvor barndommen sin eigenverdi. Han skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremja demokrati og likestilling og motarbeida alle former for diskriminering. (henta frå § 1 i Lov om barnehager)

Stedje barnehage sitt mandat og oppdrag er forankra i Lov om barnehager § 1 og Rammeplan for barnehagen under fagområde Etikk, religion og filosofi. Lov om barnehager §1a gir private barnehagar og barnehagar som er eigde eller drivne av trussamfunn i Den norske kyrkja, høve til å fastsetja særlege livssynsformål som eit supplement til den lovfesta formålsføresegna. Føresegna om særleg formål skal fastsetjast i vedtektene til barnehagen. For barnehagar som fastset særlege føresegner om livssynsformål, skal det gå fram av vedtektene kva desse inneber. (Rammeplan for barnehage 2017, s.12) 

Stedje barnehage er særleg forplikta til:

-          Å leggja til rette for opplevingar som gir barna eit mangfaldig landskap å bevega seg i knytt til kristendom, religion og filosofi. Dette skal vera forankra i respekt for mangfaldet og dialog med barna og foreldre.

-          Å vektleggja individet sin fridom og det unike i kvar einskild, samstundes som barnehagen skal arbeida målretta med at alle har eit ansvar for fellesskapen og kvarandre.

-          Å vektleggja markering av dei kristne høgtidene og innhaldet i den kristne kulturarven. Dette kjem til uttrykk gjennom formidling av forteljingar og songar. Barnehagen skal og vektleggja tydelege kulturmøte mellom anna ved å synleggjera andre religionar sine høgtider.

-          Å leggja til rette for samtale og undring knytt til kristendom, religion og filosofi. Dette vil koma til uttrykk i kvardagslivet både i formelle og uformelle læringssituasjonar.

Viser til samarbeidsavtale mellom Stedje barnehage og den norske kyrkja, Stedje sokn.

 

§3. STYRET I BARNEHAGEN:

 

Stedje barnehage vert leia av styret for barnehagen. Styret har ansvar for at drifta av barnehagen er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Barnehagestyrar er arbeidsgivar sin representant i barnehagen.

 

Om barnestyret:

Styret skal setjast saman av minst  tre personar som vert valde av styret for stiftinga Stedjetunet. Styret for stiftinga vel styreleiar. Styret for barnehagen vel eitt styremedlem til samarbeidsutvalet og eitt medlem til rådet for stiftinga.

Styremedlemmane og styreleiar vert valde for 2 år om gangen. For å sikra kontinuitet i styret, vert ikkje alle styremedlemmar skifta same året. Det vert valt 2 vararepresentantar til styret. Styret vel sjølve nestleiar. Barnehagestyrar er fast sekretær for styret.

 

Styremøtet vert halde etter innkalling frå styreleiar, eller dersom minst halvparten av styret krev det. Første vararepresentant vert alltid kalla inn til styremøte.

 

Arbeidsform for styret:

Styreleiar, saman med styrar, skal syta for førebuing av aktuelle saker og laga møteinnkalling. Alle saker blir handsama i møte om ikkje anna vert bestemt.

 

Styremøta vert leia av styreleiaren. Deltek verken styreleiaren eller nestleiaren, vel styret ein leiar for styremøtet.

 

Barnehagestyrar har rett til å uttala seg, viss ikkje noko anna er bestemt av styret  i kvar enkelt sak.  Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er ikkje styreleiar til stades, gjeld fullmakta hans til møteleiaren.

 

Det skal førast møtereferat. Styremedlem som ikkje er samd i styret sine vedtak, kan krevja å få si oppfatning ført i møtereferatet. Møtereferatet skal godkjennast på neste styremøte.

 

Styret sine arbeidsoppgåver:

  • skal leia og føra tilsyn med at barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og vedtekter
  • skal sørgja for atStedje barnehage sine formål vert realiserte
  • har ansvar for barnehagen sin økonomi og bemanning
  • har ansvaret for å fastsetja budsjettet og orientera om budsjettet på stiftinga Stedjetunet sitt årsmøte
  • har ansvar for god rekneskapsføring, og at rekneskapen saman med styret si årsmelding, skal leggjast fram på årsmøtet for stiftinga Stedjetunet
  • kan fastsetja storleiken på foreldrebetalinga om ein ikkje vel å følgja kommunen sine reglar for foreldrebetaling
  • syter for avtale med rekneskapsførar
  • lagar stillingsinstruksar og aktuelle reglement for barnehagen

 

 

Barnehagestyrar

  • vert tilsett av styret i stiftinga Stedjetunet
  • er barnehagen sin daglege, administrative og pedagogiske leiar
  • har ansvar for at barnehagen har eit internkontrollsystem som er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter
  • står for den daglege leiinga av barnehagen sitt arbeid  og skal følgja opp retningslinjer og oppgåver frå styret
  • skal sørgja for at barnehagen sitt rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at formueforvaltninga er ordna på ein trygg måte

 

 

§4. FORELDRERÅD/ AREIDSUTVAL FOR FORELDRERÅDET/ SAMARBEIDSUTVAL

 

 

Foreldrerådet

Foreldrerådet skal fremja felles interesse til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

 

  • Foreldrerådet er sett saman av alle foreldre/føresette til barna i barnehagen.
  • Styrar i barnehagen kallar inn til foreldrerådsmøte når barnehagen tek til om hausten
  • Foreldreråd vert halde minst ein gong i året.
  • Ved avstemming i foreldrerådet vert det gjeve ei stemme for kvart barn, og alminneleg fleirtalsvedtak gjeld.
  • Kvar avdeling vel to foreldrerepresentantar som er kontaktpersonar for avdelinga. Dei vert medlemmar i FAU ( Arbeidsutval for foreldrerådet).

 

 

Arbeidsutval for foreldrerådet - FAU

 

  • To foreldrerepresentantar frå kvar avdeling utgjer FAU.
  • Barnehagestyrar syter for av FAU blir konstituert.
  • Leiar og nestleiar er FAU sine representantar i samarbeidsutvalet ( SU).
  • Det skal vera minimum to møte i året.
  • FAU legg fram saker som er viktig for foreldra sitt forhold til barnehagen.
  • Det vert ført møtereferat for FAU, som skal innehalda dei uttalar/ tilrådingar som FAU har gjort.

 

 

 

Samarbeidsutvalet (SU)

 

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Utvalet skal særleg vera med på å drøfta barnehagen sitt ideelle grunnlag og arbeida for å fremja kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. 

 

  • Samarbeidsutvalet skal ha 6 medlemmar, 2 representantar frå foreldra og 2 frå dei tilsette og 2 frå eigar. Eigar sine medlemmar er ein av styremedlemmane og barnehagestyrar. Barnehagestyrar er fast sekretær i samarbeidsutvalet
  • Samarbeidsutvalsmedlemar vert valde for 2 år om gongen. For å sikre kontinuitet i SU, vert ikkje alle utvalsmedlemmane skifta same året.
  • Samarbeidsutvalet skal verta førelagd saker og har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen sitt innhald, verksemd og samarbeid med foreldra.
  • Saker som gjeld tilsette, opptak av barn og liknande skal ikkje handsamast av  samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv og vel sjølv leiar.
  • Møte i samarbeidsutvalet vert halde etter ein plan.  Det skal vere minst to møte i året. Det skal førast møtereferat for samarbeidsutvalet.

 

 

 

 

§5. OPPTAKSMYNDE OG OPPTAKSKRITERIUM

 

Opptaksmynde

Stedje barnehage har samordna opptak med Sogndal kommune. jf. samarbeidsavtale med Sogndal kommune datert 22.12.20

 

Opptakskriterier:

Søsken til barn i barnehagen har førerett til plass dersom dei vil gå samstundes i barnehagen. For å kunne nytta føreretten må plasstorleik, dagar og alder høva inn i gruppesamansetjinga. Er det fleire søsken enn det er ledige plassar, nyttar me same prioriteringskodane som Sogndal kommune.

     

 

 

 

 

 

Er det ledige plassar etter at føreretten er nytta, skal barnehagen og Sogndal kommune handsama opptaket etter gjeldande samarbeidsavtale og lovverk. Barn frå Sogndal kommune beheld plassen til skulestart eller til plassen vert sagt opp.

 

 

Plasstilbod

 

Barnehagane gjev følgjande plasstilbod:

60%, 80% og 100%

 

Tilbodet om dagar må tilpassast drifta og gruppesamansetjinga. Dei som søkjer redusert plass, kan ikkje rekna med å få innfridd ynsket sitt om barnehagedagar.

 

Styret kan endra dette punktet.

 

§6. OPPSEIINGSFRISTAR

 

Oppseiingstid er ein månad og må vera skriftleg.  Seier ein opp etter den 1. i månaden må ein betala den månaden og neste.

 

Dersom barnet vert teke ut av barnehagen 1.mars eller seinare, må ein betala for resten av barnehageåret. Oppseiinga skal vera skrifteleg.

 

Det er høve til opp- og nedjustering ved hovudopptaket, men ikkje i løpet av året med mindre det er andre born i barnehagen som kan ta ei tilsvarande justering.

 

 

§6. OPNINGSTID

 

Nytt barnehageår startar 15. august kvart år.

Barnehagen har ope alle vanlege arbeidsdagar, med unnatak av fastsette planleggingsdagar, jul- og nyttårsafta og andre raude dagar.

 

Barnehagen er stengd to veker i juli månad jf. Sogndal kommune sine vedtekter. Barnehagestyret kan vedta opningstider som er tilpassa foreldra sine behov, men ikkje slik at dette går ut over økonomiske rammene som barnehagen har til rådvelde.

 

 

 

 

§7. FERIEPLAN

 

Borna skal ha 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår. 3 av desse vekene skal vera  samanhengande i samband med stenginga i juli månad. Siste veka er planleggingsdagane i løpet av året.

Barnehagen skal ha skriftleg melding om ferieplanane til barna.

 

§8. FORELDREBETALING

 

Foreldrebetalinga følgjer kommunen sine satsar. Kostpengar kan bestemmast av styret. Foreldra skal ha varsel om endringa tre veker før ho trer i kraft.

 

Foreldrebetalinga er månadleg og vert delt i 11 like terminar. I hausthalvåret betaler ein 5 terminar og i vårhalvåret 6 terminar. Foreldrebetalinga vert regulert til næraste 15. kvar månad.

 

Kostpengar kjem i tillegg.

Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med statlege retningslinjer.

 

Det er styret,  eller den styret delegerer avgjerdsmynde til, som gjer vedtak  om oppseiinga av barnehageplassen.

 

Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med nasjonale retningsliner. Det vert gjeve redusert betaling og gratis kjernetid i tråd med nasjonale føringar for familiar med låg inntekt.

 

Søknad om redusert betaling og gratis kjernetid skal gjerast digitalt via heimesida til Sogndal kommune. Dersom søknad om redusert foreldrebetaling skal kunne gjelde frå nytt barnehageår, er fristen 15. juni. For søknader som kjem i løpet av året, vil vedtak gjelde frå månaden etter søknaden er handsama jf. vedtekter Sogndal kommune § 12.

 

Fritak for foreldrebetaling

 

Barn som lir av ein livstruande sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen i barnehagen, kan få fritak frå 1. dag i etterfylgjande månad som barnet vert teke ut av barnehagen. Det må liggja ved tilråding frå lege.

 

Dersom sjukdommen gjer at barnet berre kan vera i barnehagen i periodar, skal det betalast ein dagspris utrekna til 1/25 del av den fastsette månadsprisen.

 

Styret  har fullmakt til å ta avgjerd i slike saker.

Sjå elles Sogndal kommune sine vedtekter om fritak for foreldrebetaling § 13.

 

 

                    

 

§9. TILSETJING

 

Ved tilsetjing  av personale i barnehagen lyser barnehagestyrar ut ledige stillingar. Barnehagestyrar gjev tilråding, og styret i barnehagen tilset. Styret kan delegera tilsetjingar til eit tilsetjingsutval oppnemnd av styret.

 

Den nytilsette har ei prøvetid på 6 månadar. I prøvetida er det gjensidig oppseiingstid 14 dagar.

 

Nytilsette må leggja fram politiattest etter barnehagelova §30.

 

Alle tilsette, vikarar, studentar og andre som jobbar i barnehagen skriv under fråsegn om teieplikt.

 

Dei som vert tilsette, må forplikta seg  å arbeida i samsvar med  barnehagen sitt

føremål.

 

§10. INTERNKONTROLL

Stedje barnehage har eige internkontrollsystem gjennom Barn-Nett, «styrarassistenten».

 

§11. ÅRSPLAN

Stedje barnehage har årsplan som samsvarar med barnehagelova. Samarbeidsutvalet handsamar årsplan før godkjenning i styret for barnehagen.

 

§12. FORSIKRING

Stedje barnehage teiknar kollektiv ulykkesforsikring for kvart barn.

 

§13. MÅLFORM

 

Nynorsk målform skal så langt råd er nyttast i songar, litteratur og i skriftleg kommunikasjon.

 

§ 14. ENDRING AV VEDTEKTENE

 

Endring i desse vedtektene er godkjende  av styret for stiftinga Stedjetunet.

Godkjenningsdato 15/11-2024