Vedtekter med særleg formål

Her kan du lese vedtektene til Stedje barnehage.

Vedtekter for Stedje Barnehage NYE

 

Vedtekter for Stedje Barnehage.

 

  1.         NAMN:

 

Stedje Barnehage

 

2. Formål

Barnehagen sitt formål:
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

 

Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og dugleikar. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og ta på alvor barndommen sin eigenverdi. Han skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. (frå § 1 i Barnehagelova)

Særleg formål for Stedje barnehage.

Stedje barnehage sitt mandat og oppdrag er forankra i barnehagelova § 1 og Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene for barnehagen under fagområde Etikk, religion og filosofi. Eigaren får høve til å fastsetje føresegner  som er eit supplement til dei grunnleggjande verdiane i føremålsføresegna (KD 2011 s.14).

Stedje barnehage legg særleg vekt på kristen arv og tradisjon i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Dette vil komme til uttrykk i kvardagslivet og gjennomsyre både dei uformelle og dei formelle læringssituasjonane i barnehagen. Opplæring til tru er det heimen som har ansvar for. Barnehagen skal sjå til at barnet ikkje kjem i lojalitetskonflikt mellom heimen og barnehagen. Integriteten til det einskilde barnet og dei einskilde foreldra skal respekterast. (KD 2011, s. 9)

 

Verdiane som vert uttrykte i Stedje barnehage si pedagogiske verksemd, tek omsyn til alderen på barna, og den kulturelle, religiøse og verdimessige tilknytinga til kvar einskild heim. (KD 2011, s. 12)

 

I Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene for barnehagen står det: Ved å synleggjere religionar og livssyn i formålet godtek ein både at religionar og livssyn har ein plass i det offentlege rom, og at det er plass for ein åndeleg dimensjon i barnehagen. (KD 2011, s. 11).

 

Den åndelige dimensjonen inneber at vi i barnehagen vil legge til rette for opplevingar som gir barna eit mangfaldig landskap å bevege seg i knytt til religion og filosofi. Dette må vere forankra i respekt for mangfaldet, og dialog med barn og foreldre. Vi arbeider målretta med alle fagområda i rammeplanen, og vil gjennom heile året ha ulikt fokus på fagområdet Etikk religion og filosofi.

 

Stedje barnehage vil i det pedagogiske arbeidet leggje vekt på markering av dei kristne høgtidene og innhaldet i den kristne kulturarven. Dette vert mellom anna gjort gjennom å formidle forteljingar og songar knytt til innhaldet i høgtidene. Vi vil òg ha fokus på andre religionar sine høgtider og kulturuttrykk og legge vekt på tydelege kulturmøter Vi legg vekt på at barnehagen skal støtte barna utifrå dei kulturelle og individuelle føresetnadene deira. (KD 2011, s. 8)

 

Vi vil i det pedagogiske arbeidet både ha fokus på individet sin fridom og det unike i kvar einskild, samstundes som vi vil arbeide målretta med at alle har eit ansvar for fellesskapet og kvarandre. Dette ligg i danningsomgrepet, og gjennom gode danningsprosesser vil barnet bli i stand til å handtere livet. (KD 2011, s.15)

 

 

3. FORELDRERÅD/ EIGARSTYRE/SAMARBEIDSUTVAL.

 

 

A. FORELDRERÅDET:

Foreldrerådet skal fremja felles interesse til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

 

  1.         Foreldrerådet er sett saman av foreldre/føresette til barna i barnehagen.

 

  1.         Foreldrerådsmøtet vel 2 medlemar til samarbeidsutvalet.

 

  1.         Dagleg leiar i barnehagen kallar inn til foreldrerådsmøte når barnehagen tek til om hausten.

 

  1.         Foreldreråd vert halde minst ein gong i året.

 

  1.         Ved avstemming i foreldrerådet vert det gjeve ei stemme for kvart barn, og alminneleg fleirtalsvedtak gjeld.

 

  1.         Kvar avdeling vel 1 foreldrerepresentant som er kontaktperson for avdelinga.

 

Det vert ført eigen protokoll for foreldrerådet, som skal innehalde dei uttalar/ vedtak som foreldrerådet har fatta. Tid for møta skal gå fram av protokollen, likeeins stemmefordeling og usemje som vert kravd protokollført. Foreldrerådet sin referent signerer protokollen.

Protokollen er berre tilgjengeleg for foreldrerådet sine medlemar, styret, dagleg leiar og dei personane som foreldrerådet gjev tilgang.

 

 

 

 

 

 

 

 

B.  EIGARSTYRET

Stedje barnehage vert leia av styret. Styret har ansvaret for drifta av barnehagen er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Dagleg leiar i barnehagen  er arbeidsgivar sin representant i barnehagen.

 

Samansetjing av styret:

Styret skal setjast saman av minst  tre personar som vert valde av årsmøtet for Stiftinga Stedjetunet. Årsmøtet vel styreleiar.  Styret for barnehagen vel ein av styremedlema til medlem i samarbeidsutvalet. Styremedlemene  og styreleiar vert valde for 2 år om gangen. Det skal tilstrevast å sikre  kontinuitet i styret, ved at ikkje alt for mange av styremedlema vert skifta ut i løpet av kort tid. Det vert valt 2 vararepresentantar til styret. Dagleg leiar er fast sekretær i styret.

Styret vel sjølve nestleiar.

Styremøtet vert halde  etter innkalling frå styreleiar eller dersom minst halvparten av styret krev det. Har eit styremedlem forfall så skal vararepresentant kallast inn.

 

Arbeidsform for styret:

Styreleiar, saman med styrar, skal syta for førebuing av aktuelle saker  som høyrer inn under styret. Styremedlema og dagleg leiar kan krevje at styret handsamar bestemde saker. Styremøtet  og anna styrehandsaming vert varsla på hensiktsmessig måte og med naudsynt frist.

Styret skal handsama saker i møte, vis ikkje styret sin leiar finn at saka kan ligge føre skriftleg eller  kan handsamast på annan trygg måte. Styreleiar skal sørgje før att medlema så vidt mogleg kan delta i ein samla handsaming av saker som vert handsama utan møte. Styremedlemane og dagleg leiar kan krevja møtehandsaming.

Styremøta vert leia av styreleiaren. Deltek verken styreleiaren eller nestleiaren, vel styret ein leiar for styremøtet.

Dagleg leiar har rett til å uttala seg, viss ikkje noko anna er bestemt av styret  i kvar einkelt sak.  Eit vedtak av styret krev  at fleirtalet av dei styremedlemene som deltek i handsaninga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er ikkje styreleiar tilstades , gjeld fullmakta hans til møteleiaren.

 

Det skal førast protokoll over styrehandsaming. Protokollen skal minst angje tid og stad, deltakarane, kva måte saka er handsama på og styret sine vedtak. Styremedlem som ikkje er samd i styre sine vedtak , kan krevje å få si oppfatning innført i protokollen. Protokollen skal godkjennast på neste styremøte. Protokollen er tilgjengeleg berre for styret sine medlemar, styrar og dei personane styret gjev tilgang.

 

Styret sine arbeidsoppgåver:

  • Styret skal sørgje for atStedje Barnehage sine formål vert realiserte.
  • Styret har ansvar for Barnehagen sin økonomi og bemanning.
  • Styret har ansvaret for å fastsette budsjettet og  orientere om budsjettet på Stiftinga sitt årsmøte.
  • Styret har ansvar for god rekneskapsføring, og at rekneskapet saman med styret si melding , skal leggjast fram på årsmøtet for Stiftinga.
  • Styret skal fastsetje storleiken på foreldrebetalinga.
  • Styret skal leie  og føre tilsyn med at Barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og vedtekter.
  • Styret gjer avtale med rekneskapsførar.
  • Styret skal utarbeide ein styreinstruks.

Dagleg leiar:

Dagleg leiar  vert tilsett av forstandarskapet etter tilråding frå styret i Stiftinga Stedjetunet

Dagleg leiar er barnehagen sin daglege , administrative og pedagogiske leiar.

 

Dagleg leiar har ansvar for at barnehagen har eit internkontrollsystem som er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

 

Dagleg leiar står for den daglege leiinga av barnehagen sitt arbeid  og skal følje dei retningslinjer og pålegg styret har gjeve.

 

Dagleg leiar skal sørgje for at barnehagen sitt rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at formueforvaltninga er ordna på ein trygg måte.

 

Styret kan til einkvar tid krevje at styrar gjev styret ei nærare utgreiing om bestemde saker. Slik utgreiing kan krevjast av den enkelte styremedlem. Dagleg leiar/styrar skal gje slik utgreiing som eit styremedlem ber om, til  alle styremedlema.

 

 

C. SAMARBEIDSUTVALET

 

Samansetjing av samarbeidsutvalet, mynde, m.m.

 

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevane, kontaktskapande og samordnande organ. Utvalet skal særleg vera med på å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag og arbeide for å fremje kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. 

 

  1.         Samarbeidsutvalet skal verta førelagde saker og har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen sitt innhald, verksemd  og forholdet til foreldra.
  2.         Saker som gjeld tilsette, opptak av barn og liknande skal ikkje handsamast av  samarbeidsutvalet.
  3.         Samarbeidsutvalet skal ha 5 medlemar, 2 representantar frå foreldra og 2 frå dei tilsette og ein frå eigar. Eigar sin medlem er ein av styremedlema. Dagleg leiar er fast sekretær i samarbeidsutvalet.
  4.         Samarbeidsutvalsmedlemar vert valde for 2 år om gongen.
  5.         Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv, og vel sjølv leiar. Som samarbeidsutvalet  sitt vedtak gjeld det som fleirtalet av dei møtande har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som leiaren har stemt for. Er ikkje leiaren tilstades gjeld det som møteleiaren har stemt for.
  6.         Møte i samarbeidsutvalet ver halde  etter ein plan fastsett av utvalet , og elles når utvalet sin leiar finn det naudsynt. Det skal førast eigen protokoll for samarbeidsutvalet, som skal innehalde dei vedtak som utvalet har fatta vedrørande foreldrerådet. Tid og stad for møta skal gå fram av protokollen, likeeins stemmefordeling og usemje som vert kravd protokollført. Samarbeidsutvalet sine medlemar signerer protokollen. Protokollen er tilgjengeleg kunn for samarbeidsutvalet sine medlemar, styret, dagleg leiar og dei personane samarbeidsutvalet  gjev tilgang.

 

 

 

 

  1.    EIGARFORHOLD

 

Stiftinga Stedjetunet  eig og driv Stedje Barnehage. Styret for Stiftinga i varetek  eigaren sitt ansvar og oppgåver. Forstandarskapet for Stiftinga vedtek  m.a. stillingsinstruksar og vedtekter for barnehagen. Barnehagen skal drivast i samsvar med ”Lov om barnehagar, føresegner og vedtekter.”

 

 

 

      5.   FORMÅL

 

Barnehagen skal, i nært samarbeid med heimen, hjelpe til å gje borna ei kristen oppseiding i eit trykt og godt miljø. Barnehagen skal stimulera borna til å bruka eigne evner og anlegg. Den skal og freista  å gje dei eit godt grunnlag for å verta sjølvstendige, og kunna samarbeida med andre, bera ansvar og ha omsut for medmenneske både i heimland og i andre land. Verksemda i barnehagen byggjer på vedkjenninga til Den Norske Kyrkja.

 

 

 

6.    OPPTAKSMYNDE/OPPTAKSKRETS OG OPPTAKSKRITERIUM.

 

A. OPPTAKSMYNDE.

Sogndal Kommune avgjer til ei kvar tid kven som har opptaksmynde.

     

 

      B. OPPTAKSKRETS OG OPPTAKSKRITERIUM

Søsken til born i barnehagen har førerett til plass dersom dei  vil gå samstundes i  barnehagen.

For å kunne nytte føreretten må plass-storleik, dagar og alder høve inn i gruppesamansetjinga. Er det fleire søsken enn det er ledige plassar,  nyttar vi dei same prioriteringskodane som Sogndal Kommune.

Klage over vedtak vedkomande utvida opptakskrins kan sendast til styret i Stedje Barnehage, innan 14 dagar etter at vedtaket er gjort.

 

Er det ledige plassar etter at føreretten er nytta , skal barnehagen og Sogndal Kommune handsama opptaket etter gjeldande drift og samarbeidsavtale og gjeldande lovverk.

Klage over vedtaket kan rettast til ”Forvaltningsutval i Sogndal Kommune”, innan 3 veker  etter at vedtaket er gjort.

 

Opptaket til barnehagen skal gjerast kjent i lokalpressa 3 veker før søknadsfrist.

Søknad om barnehageplass skal skrivast på fastsett skjema.

Dei som har plass i barnehagen skal gje melding om dei ynskjer å behalde same barnehagetilbodet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Barnehagane gjev fylgjande plasstilbod:

60%, 80% og 100%

 

Tilbodet om dagar må tilpassast drifta og gruppesamansetjinga i kvar einskild barnehage. Dei som søkjer redusert plass, kan ikkje rekna med å få innfridd ynsket sitt om barnehagedagar.

 

Styret kan endre denne bestemminga.

 

8.     OPPSEIING OG OPP- OG NEDJUSTERING AV PLASS.

 

Gjensidig oppseiingstid av ein barnehageplass er ein månad rekna frå barnehagestart.

 

Dersom barnet vert teke ut av barnehagen 1.mars eller seinare, må ein betala for resten av barnehageåret. Oppseiinga skal vera skrifteleg.

 

Det er høve til opp- og nedjustering ved hovudopptaket , men ikkje i løpet av året med mindre det er andre born i barnehagen som kan ta ei tilsvarande justering.

 

 

 

9.     FORELDREBETALING

 

Foreldrebetalinga vert fastsett av styret.

Foreldra skal ha varsel om endringa  3 veker før ho trer i kraft.

 

Foreldrebetalinga er månadleg og vert delt i 11 like terminar. I hausthalvåret betalar ein 5 terminar og i vårhalvåret 6 terminar. Foreldrebetalinga vert regulert til næraste 15. kvar månad.

 

Betaling av frukt m.m. kjem i tillegg.

Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med statlege retningslinjer.

Ved misleghald av foreldrebetaling vert plassen sagt opp av styret.

 

Det er styret,  eller den styret delegerer avgjerdsmynde til, som gjer vedtak  om oppseiinga av barnehageplassen.

 

Fylgjande grupper kan etter søknad til Sogndal Kommune få  redusert foreldrebetaling i barnehagen:

 

1.    Familiar med særs dårleg økonomi.

  1.         Familiar med funksjonshemma born.
  2.         Familiar der barnet er tilrådd plass utifrå ei samla vurdering av barnet/ familien sin situasjon.

 

 

 

 

10.     FRITAK FOR BETALING I BARNEHAGEN

 

  1. Barn som lir av ein livstruande sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytte plassen i barnehagen, kan få fritak frå 1. dag i etterfylgjande månad som barnet vert teke ut av barnehagen. Det må liggja  ved tilråding frå lege.
  2. Dersom sjukdommen gjer at barnet berre kan vera i barnehagen i periodar, skal det betalast ein dagspris utrekna til 1/25 del av den fastsette månadsprisen.
  3. Styret  har fullmakt til å ta avgjer i slike saker.

 

 

  1.     DET VERT IKKJE GJEVE FRITAK FOR BETALING FOR FYLGJANDE SØKNADER:

 

  1.         Søknad om å ta ut barnet på grunn av ferie.
  2.         Søknad om fritak der barnet er fleirkulturelt og skal tilbake ti det andre heimlandet for kortare eller lenger tid. Det kan gjevast fritak dersom opphaldet  er over 2 månader og eit anna barn kan nytta seg av plassen  i den tida barnet er borte

 

Eit slikt fritak gjeld frå 1. dato i etterfylgjande månad som barnet vert teke ut av barnehagen.

 

3.    Søknad frå foreldre med delt foreldreansvar der barnet har trong for 

barnehageplass i enkelte periodar. Det må betalast for heile året  med mindre eit anna barn nyttar seg av plassen i dei periodane barnet bur hjå den andre foreldra.

                    

 

11. OPNINGSTID/ FERIEPLAN

 

A.  OPNINGSTID

 

Barnehagen er open heile året. Oppstart av nye barnehageplassar finn stad frå 15. august kvart år. Barnehagestyret kan vedta opningstider som er tilpassa foreldra sine behov, men ikkje slik at dette går ut over økonomiske rammene som barnehagen har fått i budsjett frå Sogndal Kommune.

Barnehagen har ope alle vanlege arbeidsdagar, med unnatak av fastsette planleggingsdagar, julafta og nyttårsafta..

 

 

 

B.   FERIEPLAN.

 

Borna skal ha 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår. 3 av desse vekene skal vera samanhengande. Siste veka kan takast under eitt eller som einskilddagar.

Barnehagen skal ha skriftleg melding om ferieplanane til borna.

 

Stedje Barnehage gjev eit barnehagetilbod heile året, men i den perioden om sommaren med få born i barnehagen, har Stedje eit samarbeid med Sogndal Kommune om eventuelle omplasseringar av borna i kommunale barnehagar.

 

 

  1.     HELSEOPPLYSNINGAR

 

Naudsynte opplysningar som barnehagen kan ha trong  for å kjenna til, kan skrivast på skjemaet ” Til foreldre/ føresette” som vert utdelt ved oppstart  i barnehagen.

 

  1.     AREALNORMER

 

Netto leike- og opphaldsareal er:  4.0 m2 per barn over 3 år og 6 m2 per barn under 3 år.

 

 

 

  1.     TILSETJING.

 

Ved tilsetjing  av personale i barnehagen lyser barnehagen( styret) ut ledige stillingar. Dagleg leiar gjev tilråding og styret i barnehagen tilset.

 

Personalet vert tilsett med ei prøvetid på 6 mnd.

 

Dei som vert tilsett må forplikta seg  å arbeida i samsvar med  barnehagen sine formål.

 

  1.      MÅLFORM.

 

Nynorsk målform skal så langt råd er nyttast i songar, litteratur og liknande i barnehagen..

 

  1.     ENDRING AV VEDTEKTENE.

 

Endring i desse vedtektene må godkjennast av Forstandarskapet i Stiftinga. Stedjetunet.