Stedje barnehage - alltid på veg

Stedje barnehage er ein 4 - avdelings privat barnehage eigd av Stiftinga Stedjetunet.

Barnehagen vart opna den 2 januar 1979 og var den første heildagsbarnehagen i Sogndal. Sidan då har barnehagen vore gjennom fleire endringar og er i dag ein 4 - avdelings barnehage for barn i alderen 0 - 6 år. Barnehagen vore gjennom ei større renovering der vi har fåttt nye grovgarderobar, nyttt ventilasjonsannlegg og barnehagen er no heilt oppgradert i høve lys, luft og lyd. 6 desember 2006 vart den fjerde avdelingen opna som er ein småbarnsavdeling med plass til 12 barn.

Stedje barnehage ligg fint til på Stedjesida i Sogndal med fin utsikt utover Sognefjorden. Trass i at vi ligg litt utanfor sentrum kan vi på 15 min gå til bibliotek, butikkar, storhall, idrettsannlegg, fine skogsområde og Haglinneset ved fjorden Dette gir oss gode mogelidheiter for gode opplevingar og variasjonar i kvardagen

"Stedje barnehage - alltid på veg" er vår visjon. Vi har eit mål om alltid å vera i utvikling på alle felt og vi veit at personalet i barnehagen ER barnehagen. Det betyr at vi må bygge på dei ressursane vi har i personalgruppa og utvikle dei vidare.Det gjer vi gjennom å prøve ut ulike måtar å jobbe, satse på å ha eit mangfald i personalgruppa der vi er dyktige på og har interesse for ulike ting.Det handlar om å sjå mogeligheitene og ikkje begrensingane.